mandag 8. august 2016

Den vesle tida

Å stenge bloggen har aldri vore eit tema. Eg likar å blogge for å seie det som det er, men det tek for lang tid når det er så mykje som skjer i kvardagen. Livet har mange sider og spørsmålet kjem til meg om kva skal bloggen handle om. Eg har derfor kome fram til at eg startar ein ny blogg ved sida av denne som handlar om det som gir meg overskot og energi, nemleg å vere ute.
Denne bloggen kan vakne til liv kva tid som helst, men det som handlar om utetid vil eg ha i den nye bloggen min Utehjarte. Eg har sidan bloggen vart stille lagt ut bileter på Instagram. For dei som følg meg der skjønnar nok at utetid er noko som opptar meg. Det er ikkje dei lange, krevande turane som først og fremst opptek meg sjølv om eg drøymer om dei stadig vekk, men det er dei turane som inkluderer heile familien, Det kan storme i heimen med krangling og grining, men så fort ungane er påkledd og sitt fastspent i bilen senker freden seg. Livet er best ute viser det seg. Følg meg vidare på Utehjarte om du er interessert.

Denne bloggen har eg i tankane skal omhandle dei andre interessene mine som strikking, matlaging og hage. Diverre har eg problemer med overbelastning av hendene så eg strikkar lite. Hagen er no der, men det er lite utvikling så lenge det regnar trollkjerringar heile sommaren. Vi må likevel tru at det vert betre utsikter både på vèrfronten og strikkefronten. Og kanskje får eg tid til å blogge meir berre ungane let meg få nokre pusterom av og til.

På gjensyn,

mandag 6. april 2015

Silkemjuk gensar i mønster frå Sandnesgarn

Denne gensaren hadde eg sett på ei stund og lot den vere premien når eg hadde strikka tilstrekkeleg med restegarnprosjekt. Eg bestilte garnet og oppskrifta frå Sandnesgarn og det var ei dyr affære til meg å vere. Augene var att då eg trykka koden, eg hadde berre bestemt meg for at denne genseren ville eg ha.
Eg les aldri mønsteret på førehand, eg kastar meg ut i det uansett når eg først har funne noko eg vil strikke. Denne genseren er strikka på rundpinne i rettstrikk, men når arbeidet var ferdig så skulle eg vrenge den slik at vrangstrikken var ut. Eg hadde fem nøster på handa til ei kvar tid så eg måtte ha garnet utanpå når eg skulle skifte farge. Alt handla om å tenke omvendt av det som eg var vant med. Og garna krølla seg kvar gong eg skulle reise meg eller ta fram strikket, men målet i auget motiverte meg til å verte ferdig. Og sjølvsagt det at eg hadde betalt mykje pengar for den.

Monteringa fekk eg litt hjelp meg, eg var så lei at eg orka ikkje tanken på å montere mohairgarn motsatt av det eg er vant med. Garna vart festa og den er ein draum å ha på seg. Noko så mjukt. Eg omkransar meg med kattungar på kroppen og all irritasjon er gløymt. Garnet eg har brukt er Silk Mohair og Alpakka Silke og er strikka dobbelt til ei kvar tid. Ein ekte luksusgenser, det er ikkje eg vant med som går med gensarane til dei er holete og utvaska :-)

søndag 5. april 2015

Milo-vest

Limagarn frå Drops er eit garn eg likar veldig godt. Det er ei fin blanding av ull og alpakka. Garnet eg hadde var først tenkt til vottar og ein kjole, men så vart det ikkje slik. Mønsteret har eg kjøpt på Ravelry og er laga av Georgie Hallam. Det er ei veldig fascinerande oppskrift kor du strikkar ovenfrå og ned i eitt stykke heile vegen. Denne vesten strikkar eg gjerne fleire gongar. 
Inspirasjonen til mønsteret kjem frå bloggen To vrange.

Restegarnprosjekter

Eit halvt år sidan siste blogginnlegg. Sist gong var det haustferie, no er det påskeferie. Det seier kanskje noko? Det er slik som mange seier, eg prioriterer det ikkje. Eg har Instagram der eg til tider spyr ut augenblink frå kvardagslivet. Det er enkelt, det går fort og eg likar konseptet. Det betyr likevel ikkje at bloggen er daud. Sidan det er 1.påskedag kan vi vel seie den har gjenoppstått. 

Eg har hatt eit prosjekt sidan Anna var fødd med å kvitte meg med mest mogleg restegarn. Og det merkast i korga at eg har hatt fokus og haldt meg unna dei store kjøpa av nye freistande garnnøste. No er det berre krampetrekningar att før eg kan seie at korga er godkjent tom (altså ikkje heilt, men godt nok).
Restegarnprosjekt må tåle å ikkje få 1.premie i utsjånad og fargeval. Denne hua er strikka i Drops Lima og er restar frå ein genser eg strikka til meg sjølv. Hua har blitt mykje brukt i vinter.
Eg er så ufatteleg lei av av babyull etter mange år med babystrikk. Dette var nesten det siste eg hadde av garnrestar og det vart ei ribbebukse til Anna. Mønster frå Pickles.
Ein kjole i striper som vanleg. Slik er det jo med restegarn. Kjolen er i str 1 år og den ga eg vekk.  Mønster frå Pickles.
Denne uglehua fann eg mønster på Ravelry. Den står på engelsk, laga av ei fransk dame. Eg synest den var utruleg fin og garnet eg har brukt er Drops Lima. Den er typisk fransk, liten i storleiken.
Tjukkelestar til mamma. Smartgarn frå Sandnes. Oppskrifta er ei eg har brukt i mange år.
Finullgarn frå Rauma. Restar frå ei veske eg strikka for hundre år sidan (les 10 år). Det var den tida vi strikka og tova vesker. Fullstendig ubrukelege vesker så det gjer eg nok ikkje att om det kjem på moten igjen. Pulsvantane har eg strikka til svigermor etter mønster frå Drops.
Kragetopp frå Paelas. Strikka i Muskat. Historia bak garnet er til å verte sveitt av. Eg skulle strikke ein bikinitopp og eit skjørt. Bikinitoppen vart til, medan skjørtet rekte eg opp to gongar. Deretter var planen å strikke tunika til Malin, ho var då eitt år. Strikka 2-3 gongar, rekte opp like mange gongar. Eg vart aldri nøgd. Til slutt tok eg sats å strikka denne. Kanskje ikkje eit restegarnprosjekt, men heller eit gjenbruksprosjekt. Toppen vart omlag str 7 år. Ein kjekk topp å strikke, garnet var like irriterande som det hadde vore før.
Nok ei uglehue. Dagslyset var dårleg på den tida så vasken på kjøkkenet vart brukt som studio. Nød lærer naken kvinne å spinne...
Denne har eg nettopp ferdigmontert. Selekjole str 3 år, kan du tru?! Måla stemmer, men den var alt for  vid. Både Anna og Emil drukna i den. Så eg fekk mamma til å strikke den litt lenger fordi eg sjølv var umotivert, og vips så passa den til Malin. Og grei som ho er gjorde ho som modellar flest. Ho lot seg flette på håret, tok på seg bunadskjorte og strømpebukse berre for å at eg skulle få tatt eit bilete. Garnet er babyull av ulike merker. Eit par sambygdingar har bidratt med garn for at eg skulle verte ferdig. 
Til slutt er det enkel nøstebarngenser frå nettopp Nøstebarn. Eg brukte ein halv pinne større enn oppskrifta sa og då passa eittårstorleiken til Anna som er 2.5 år. Garnet er Smart frå Sandnes. Hadde sjølvsagt litt for lite så eg måtte kjøpe eit par nøste for å verte ferdig. Anna likar den kjempegodt og tok eiendom i den før eg rakk å tenke meg om. Hadde eigentleg tenkt å gi den vekk.

Det er faktisk kjekt å strikke restegarnprosjekt, det er garnet som bestem kva du skal strikke. Utfordringa er å kome ut av det moduset etter lengre tid, eg sto heilt fast på kva som var mogleg med frie valmoglegheiter, men det gjekk fort over. Idag har eg bestilt masse garn som eg gler meg å ta til med i månadane som kjem.

torsdag 23. oktober 2014

Hestehornet i haustsol

Det var på tide å tømme mobilen for bileter og fram kom vakre bileter frå haustferien. Det passar fint synes eg å ta eit tilbakeblikk på dei vakre haustdagane i Volda med 20 grader og sol no når det regnar, er mørkt og vi fyrer i ovnen.
Det er alltid slik at når eg er i Volda så har eg det travelt. Eg rekk aldri alt eg har lyst til og skundar meg frå butikkar, besøk, turar og alt som er for å få mest mogleg ut av den stramme timeplanen. Denne gongen bestemte eg meg på førehand at vi skulle prioritere natur og turliv med borna. Denne fjellturen var ein tur mellom handling og middag og vi hadde to timar på oss. Vèret var så fint at det var galskap å sitje inne. Emil og Malin var leie av tur og ville vere ilag med mormor, men Anna var klar så vi tok med henne og onkel Andre´ og køyrde til Krøvelsetra og parkerte bilen.
Det var blautt i starten og eg var våt på beina allereie etter 10 meter, men det var ein fin sti og Anna fant mange raude merker langs stien som var lett å sjå. Turen opp tok 40 minutt og på toppen var det utsyn mot dei fantastiske, vakre fjella i Ørsta og Volda. Eg har vore her før, men det er lenge sidan. Den gongen var eg ilag med ei venninne og ein halvblind hund og vi koste oss lenge på toppen med nista vår. No var det så mykje vind at eg knipsa raskt nokre bileter, skreiv oss i boka og gjekk ned att. Korleis bileta såg ut visste eg ikkje før eg kom ned att.
Er ikkje dette vakkert så er ingenting vakkert. Åmdalen og Follestaddalen omkransa av fjell eg ikkje lenger veit kva heiter. Hestehornet er ikkje stort, 688 m.o.h, men har mykje å byde på likevel.
Bondalen, Bjørdalen og Vatne. Eg vert rørt, glad og stolt på ein gong. Skikkeleg patriot. Å som eg saknar heim av og til!
Har du ikkje vore på Sunnmøre så har du gått glipp av noko, i alle fall på slike dagar. Men det dokke ikkje ser på bilete er den kraftige vinden. Det var synd vi ikkje fikk sitte på toppen og sjå dei fascinerande  inndelingane av fjell og dalar som isbreane ein gong tilbake i tid har vore med og laga.
Kva kan eg seie? Eg likar Volda frå denne kanten. Rotevatnet og Voldsfjorden går nesten i eitt. Rotsethornet er berre ein liten knaus i sidesynet og du ser ikkje oppoverbakkane i gatebilete så godt. Det rører seg i hjarterota, eg er så stolt!
Sentimental og bortkomen sau med vind i håret. Det er godt å vere heime. Trur jammen vinden har glatta ut rynkene og...
Espen på veg ned. Solstrålane lyser over Krøvelsetra.
Hausten er så vakker med den store paletten.
Fint å ha ein onkel. Og då vi kom heim fekk vi ball (raspe/komle) og kake til dessert. Du kan trygt seie at det ikkje vart fleire turar den dagen.

søndag 5. oktober 2014

Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå

Det er haustferie og vi er i Volda. Det er sommartemperaturar og nydelege fargar i naturen, så her må vi utnytte tida. Etter å ha brukt formiddagen i basseng gjekk turen vidare i oppoverbakkar på ettermiddagen. Helgehornet er eit passeleg fjell for born med sine 623 meter over havflata. Det ligg på ei halvøy mellom Volda og Ørsta.
Vi køyrde opp til skyttarbanene i Sollidalen og parkerte. Anna leitte etter merke, det er liksom hennar jobb der ho sitt opp i meisa med god utsikt, men merke er der ikkje. Ikkje er det nødvendig heller. Det er ganske vått i starten og motivasjonen var ikkje på topp med ein gong, så det passa med pitstop med vatn og kjeks som bensin.
Det blåste litt så Anna trakk hua godt ned i augene. Legg merke til meisa. Det er den gamle Bergansmeisa vår. Vi kjøpte ei nyare Norheimmeis (om eg huskar rett), men den var dårlegare enn den gamle så no er den gamle tatt fram att.
På veg opp får ein god utsikt mot Håvoll og Ørstafjorden
Vinden tok seg opp på toppen og det var regndropar i lufta. Vi trykte oss saman og åt nista vår før vi gjekk ned att. Ein fornøgd og blid gjeng. Vi brukte 1 time og 15 minutt opp så det synest eg er bra.
Utsikta frå Helgehornet er fantastisk. Voldafjorden og Ørstafjorden møtes blant holmar og skjær. Under havet ligg tunnellen som dannar Eiksundsambandet. Den startar frå enden av halvøya vi står på og i andre enden ligg Eiksund, Ulsteinvik, Hareid og vidare til Fosnavåg og ut i havet til blant anna Runde.
Dalsfjorden med Lauvstadbygda til venstre.
Hovdebygda og Mork rett ned og sentrum i Volda bak. Rotsethornet som ruvar når ein er i Volda, vert ein pusslete topp i det fjerne.
Ørsta, Hovdevatnet og dei nydelege fjella i bakgrunnen. Eg er å glad i Søre-Sunnmøre. Eg er takknemleg for at eg har fått budd her i 19 år og at eg framleis, etter 14 år vekke, kjenner at Volda er staden som ligg hjarte nærast.
Ei utsleta golvtvåge. Eller småbarnsmor med fulltidsjobb om du vil. Sminkelaus og manglande søvn, men kva gjer vel det når ein får slike opplevingar som dette?
Det vart meir og meir vind nedover bakkane så det var godt å kome i bilen. Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.

"Ja dei gode gamle nutane dei gjera hugen glad". Ivar Aasen er alltid med, til og med på fjellet.

onsdag 27. august 2014

Solskinnstur på Nonkletten

Idag har vèret vore fantastisk. Tidleg haust, godt med varme og ingen vind. Perfekt for ein fjelltur. Nonkletten eller Lia som dei seier lokalt, er ein liten topp med start frå Tysse bedehus. Nonkletten er starten på løypa om du vil nå den pittelitt høgare toppen Sørkletten som er på lista over fjell på Osterøy.
Vi gjekk ifrå bedehuset og fylgde ein sti mot idrettsbana. Denne stien er feil og den skal du IKKJE gå. Gå stien som ligg over vegen frå bedehuset. Du kryssar ein bekk og møter på ein port. Stien er merka med blått heile vegen og det er ikkje vanskeleg å finne fram. På veg opp der det er mykje berg opplever du den beste utsikta.  Dette er utsikt mot Molvikagrendi, Tjuvasundet og Paddøy.
Molvikagrendi med Kjellrusen/ Austlendingen som det største fjellet bakerst.
Utsikt mot Ostereidet og Eknes. Fantastisk flott kjensle å stå her og nyte kveldssola.
Toppen har ikkje noko utsikt verdt å nevne, men der er ei postkasse med bok. Boka var ikkje godt brukt då forrige mann som hadde skrive seg i boka var der for 16 dagar sidan. På kartet ser dokke Sørkletten som står på lista mi og der går det ein sti vidare frå Nonkletten. Det er mykje furuskog og ulendt å kome fram så om eg tek turen dit får vi sjå. Eigentleg er eg nøgd med turen idag.

Turen til Nonkletten passar til born. Skotøy er støvlar eller vanntette tursko. Ein voksen brukar 45-55 minutt vil eg tippe. Endomondo-appen min svikta som vanleg så den registrerte tur i to minutt. Difor har eg ikkje tal på kor langt det er. Eg har ikkje tatt bilete av meg sjølv idag, men eg hadde Torhild som turvenninne så det får vere vitne nok. Heim kom eg med våte og skitne bein, så då er alt som normalt.

søndag 17. august 2014

Skogstur til Orretuva- Tirevolltunet-Raknes

Vi skulle berre ta ein liten fjelltur før Anna skulle legge seg og tenkte at Orretuva var eit fint mål. Eg har gått der før og brukte ein halvtime opp, men det var først no eg verkeleg fekk kjenne på korleis dette turmålet er. Med småfolk på slep så vert underlaget så mykje tydelegare.  
Vi parkerte ved Hjellvik bedehus og gjekk stien opp. Heile vegen var det berre skog og bakken var full i røtter og glatte steinar. Emil hylte av frustrasjon mange gongar. "Eg vil ikkje på fjelltur, aldri i livet, aldri i verda. Eg hatar sopp, eg vil ikkje meir. Hyyyl!!!" Røttene var glatte, steinane var glatte og Emil snublar og dett mange gongar. Dei to andre spring framfor utan problem og Anna sovnar til slutt i meisa av den keisame turen. Fjelltur utan noko anna enn skog er ikkje fjelltur, men skogstur.
Vel framme etter ein time var det både utsikt, fint vèr og glade born. Alt som før hadde skjedd var gløymt. Vi åt kjeks og drakk saft, skreiv oss i boka og oppdaterte Instragram slik at alle fekk vite kor flinke foreldre vi er som tek ungane med på tur. Espen var godt sveitt på ryggen etter meisa og skuldrane var ømme etter den nokså dårlege meisa vi har. Den skal skiftast ut har vi avgjort. Anna kosar seg i den og søv no uansett, men det er ikkje lett å bruke den om ein skal vere ute meir enn ein time.
På Orretuva fann ungane eit "hundehus". To hundar og ei storesøster var visst leiken.
Vi gjekk vidare til Tirevolltunet. Ein bortgøymt gard kor det ikkje har budd folk på mange tiår. Det vert arrangert samlingar her nokre gongar i året, men idag var det heilt stille. Skogen vert høgare og nærare for kvart år så det er litt vemodig å vere på slike stadar og. Ungane fekk meir kjeks, saft og eplebåtar. Niste hadde eg ikkje smurt, vi skulle tross alt berre vere borte ein time.

Vi gjekk stien ned til Raknes og gjekk bilvegen tilbake til Hjellvik bedehus. Den eine timen vart til tre og litt til så ungane var slitne etter turen. Litt klaging og syting undervegs frå nokon, men alt i alt var dei veldig flinke. Dersom eg skulle anbefale denne turen så ville eg sagt at ein bør parkere ved Raknestunet, gå turen opp til Tirevolltunet og Orretuva for så gå tilbake same veg. Men det forutset at du stiller deg inn på at du går skogstur og ikkje fjelltur. Ungane synest vegen var keisam og eg er heilt samd. Inga stjerne frå meg idag, men godt samvit om ikkje anna.